Tradisjonar er jo som alle veit til for å brytast, men likevel satsar eg friskt på å halde fram med å oppsummere målåret.
JanuarBrussel, Tromsø, Bergen, Spydeberg og Bjorli: Eg er på farta, og lærer mykje om EU, film, regn, meir EU og deltek dessutan på ein knallbra vinterleir. Utfordrar Nina Refseth på språk og sånn fyrste dagen hennar i ny jobb. Vi masar om nynorsbøker: Solhjell ville ha dagbøter til forlaget, men så ville han visst ikkje ha det likevel. Elles får vi Oslo Arbeidarparti til å snu i sidemålssaka, og bystyret går inn for å satse på betra sidemålsopplæring. Oss – Høgre 1-0!
FebruarLitt om folk: Tove Lie blei samlagssjef – kult og uventa. Ida Berntsen blei ny språkrådsleiar – og det var liksom det. Trond Giske sa nei takk til rettskrivingsbråkmakarane i Språkrådet.
Ordskifte: Garborgsenteret – ja, nei eller skuldertrekk? Riskmålsordboka – undertrykt av nynorskmafiaen eller velfinansiert tøyseprosjekt? Knoting – kult eller forpult?
Merksemd: Uti vår hage 2 sopar inn medlemer som ingen andre. Nazi-nynorsk FTW!
Eg: Reiser til Vestlandet, masar om nynorskbøker, er på målferd, er på ei knallkjekk studentsamling og vurderer å byrje gå på førelesingar.
MarsLandsmøte! 60 av dei penaste ungdomane (og ein og annan gæmlis) samlar seg på Voss for å høyre Heidi Grande Røys tale, lage bra politikk, finne ut kva vi skal meine om normering og aller viktigast: Attvelje MEG! som leiar. Vi slepper og nyhenda om at kinohausten blir nynorsk. Elles: NMU krev at Solhjell fiksar nynorske læremiddel.
AprilDenne månaden var det veldig mange møte: Årsmøte i Samlaget, Dag og Tid, Noregs Mållag og Norsk Barneblad, landsstyremøte i NMU og tusen andre ting. På landsmøtet deler mållaget ut prisar. Det er òg noko politikk der. Solhjell er innom, og vi nyttar sjansen til å minne han på at skulestart nærmar seg – med mogleg læremiddelmanko. Anne Viken og Brynjulf Jung Tjønn vil ha meir (og mindre) valfridom i nynorsken. Og rom-vitsane tek aldri slutt etter at eg stiller opp i tre radiodebattar om sigøynar-omgrepet.
MaiEg er med på lagsskiping i Førde og morsmålsdebatt i Trondheim, sutrar om nynorske læremiddel hjå Løvebakken Mållag og innser at eksamen er rett rundt hjørnet. Tore Syvert og eg får til litt debatt kring EU-identiteten i Dagbladet. Gøy! SmiN ser starten på eit endelaust ”eksamen på nynorsk”-ordskifte med fysikkgjengen på NTNU. Kunnskapsdepartementet lanserer språkmeldinga si. Ingen bryr seg. Anne Viken meiner det nye arbeidsprogrammet til Mållaget er proteksjonistisk. Ingen bryr seg.
JuniFjesboka kjem på nynorsk og eg blir glad. Birgitta og eg stikk til Vest-Sahara. For ein tur! I avisa kan ein lese at alle tykkjer det er teit med éin eksamensdag i norsk. Heilt på tampen av månaden presenterer Giske språkmeldinga si, og får meir skryt enn kva Solhjell og Aasland fekk. Eg har eksamen og gløymer å bitche om læremiddel i avisa. Ikkje rart dei gløymde å ordne opp i det!
JuliHalve Noreg melder seg på i jakta om å få den nye språkbanken. NMU har kortreist mat og langreist målpolitikk på sumarleir i Aurland. Eg er innom sumarleirane til SU, Unge Venstre og UmEU, i tillegg til landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Og får faktisk ei heil helg med ferie!
AugustLærebøkene kjem ikkje på nynorsk til skulestart! Som vanleg må eg skyve alle planane for august over i september for å vere sinna på Solhjell, fylkeskommunane, forlaga og folk flest. Ei i Riksmålsforbundet meiner at vi ikkje treng nynorsk (gjesp.) og Unge Høgre i Hallingdal meiner dei ikkje treng bokmål (hei!).
September Bergen, Ørsta, Ålesund, Trondheim, Bø, Spydeberg og Valdres. Vi er sure på Solhjell for at han ikkje fiksar lærebøkene. Tropa de Elite har premiere! I Trondheim har SmiN studentsamling, og eg får prøvd meg på argumentasjonen til Axel Hansen. Det går heller dårleg.
OktoberStatsbudsjettet kjem: Regjeringa lagar ei nynorskpakke utan innhald, men presterer å gløyme nynorskbøkene. Drittfolk. Vi raser i media og får seks millionar etter to veker. Sånn skal det vere! Mangfaldsseminaret i Bergen blir ein braksuksess.
NovemberSolhjell held fram med å ta til vitet i pinlege saker, og gjer om på ordninga med felles eksamensdag i norsk. Janne vil gjerne ha Hannah Montana på dialekt. ABC Nyheter vurderer å få seg ei nynorsk syster. Elles handlar november mykje om tenestedirektivet. Vi får ikkje stoppa det, men vi vinn den moralske sigeren. Og det er då noko.
DesemberEg har eksamen, er sjuk og går frå julebord til julebord – alt på éin gong. UiB har for mykje nynorsk i publikasjonane deira, men ingen greier heilt å ta lovbrotet alvorleg. Risikosex.no gjer det mogleg å lære om kjønnssjukdomar på nynorsk.