Eg får fyrst ei melding frå ein som kallar seg 4uhornyboy, og blir relativt skeptisk. Men innhaldet syner seg å vere av ein annan art enn eg fyrst trudde:
Hei. Hva mener du om at Folkeregister begynner å bruke andre latinske bokstaver i navn til folk som har andre bokstaver i navn eller etternavn enn bare de som finnes i norsk alfabet. F.eks.; S, c, c, z, . Om en brukte kulepenn ville en kunne skrive disse men PC (IT-revolution) klarer ikke det. Er det PC programmer som ikke klarer det eller er det viljen som mangler?Eg svarar at dette var ei sak eg ikkje kjende til, men at han har eit poeng. Og er letta over at òg folk som ber namnet 4uhornyboy kan vere oppteken av bokstavstrid. Men kor lenge var Adam i paradis? For to minutt etter tikkar denne meldinga inn:
lyst på treff?Og då ler eg godt for og av meg sjølv.

